Rektor vil ha okkupantane straffa

Universitetsleiinga er fast bestemt på at studentane som okkuperte
Sydneshaugen 10 må straffast.
Dei elleve husokkupantane vart borne ut av uniformert politi i 7.30-tida
onsdag morgon. Då hadde dei vore i huset i nesten ti døgn - på slutten utan
vatn og straum, som var kutta av huseigaren, Universitetet i Bergen. Dei
elleve vart frakta til politihuset, der dei sat fire timar i arresten før
dei vart sleppte laus. Då hadde politiet konstatert at ungdommane ikkje
ønskte å forklare seg.

Vart bua ut

Seinare på dagen samla meir enn 100 sinte studentar seg utanfor rektors
kontor på Nygårdshøyden. Rektor Kirsti Koch Christensen tok turen ut på
trappa for å snakke med demonstrantane. Det vart ikkje noko forsoningsmøte.
- Universitetet har plikt til å ta vare på statens hus og eigedom, sa ei
bisk og tydeleg irritert Koch Christensen.
- Vi har meldt aksjonen til politiet. Den meldinga står vi ved, sa ho,
etter å ha vorte spurt om ho var villig til å be påtalemakta droppe vidare
straffeforfølging av okkupantane. Ho måtte tåle høglydt buing som takk for
svaret.
Rektor sa seg samd i at bustadsituasjonen i Bergen ikkje er god nok, men
hadde ingen sympati for måten studentane aksjonerte på.

Lovar meir bråk
Det er opp til universitetsleiinga å avgjere om okkupantane skal få svi for
det dei har gjort.
- Slik okkupasjon kan ikkje straffast dersom ikkje forholdet er meldt til
oss. Dersom meldinga frå huseigaren blir trekt, vil saka bli lagt bort,
seier politiadvokat Einar Råen, som har ansvaret for etterforskinga.
Husokkupasjon blir normalt sett straffa med bøter i tusenkronersklassen. I
tillegg risikerer studentane uansett bøter for ikkje å ha følgd politiets
pålegg. Råen har ingenting å seie på åtferda til studentane då dei først
vart henta.
- Dei oppførte seg eksemplarisk. Det er hyggeleg og grei ungdom dette,
seier Råen.
Studentane lova på si side at aksjonen ikkje er over med dette.
- Okkupasjon har vist seg som ei veldig god aksjonsform. Vi har mange
verkemiddel, og har ikkje gitt oss, seier filosofistudent Espen Edvardsen,
ein av medlemmene i støttegruppa for husokkupasjonen.
EYSTEIN RØSSUM
EIRIK BREKKE OG ARNE NILSEN (foto)
eystein.rossum@bt.no

Billedtekst:
SINTE STUDENTAR: "Rektor er feig! Gøymer seg bak politi! Rektor er feig!
Gøymer seg..." ropte studentane utanfor UiB-rektor Kirsti Koch Christensen
i går, etter at politiet hadde sett ein stoppar for husokkupasjonen på
Sydneshaugen.
LEMPA UT: Ein etter ein vart studentane borne ut frå det okkuperte huset. -
Boligaksjonen er ikkje over med dette, sa ein av studentane til BT.

Bergens Tidende 2001-03-15, Side: 2